Single klubb i ål. Bye Birdie Badedrakt
Innhold
Vatnet skal nyttast til produksjon av settefisk.
Salbu Produksjon As skal bygge eit nytt settefiskanlegg ved Salbu i Hyllestad kommune. No har dei fått løyve til single klubb i ål ta uttak av vatnet frå Salbuelva.
Dette skal gå til produksjonen av settefisk.
Noregs vassdrags- og energidirektorat NVE har i vedtaket lagt vekt på at ei utbygging av Salbu produksjon AS sitt anlegg vil gi eit betydeleg bidrag til produksjon av smolt og auke verdiskapinga i regionen. Dette skriv NVE på sine heimesider.
I vassdraget vandrar sjøaure og ål, derfor har NVE spesielt lagt vekt på omsynet til det biologiske mangfaldet.
Dei vurderer at dagens fiskesperre ved Kviadammen er til stor skade og ulempe på sjøaure og ål. NVE meiner at det er ein føresetnad at sjøaure og ål skal kunne passere inntaksdammen ved Kvia.
Dersom det blir etablert fisketrapp og det blir sleppt minstevassføring frå inntaksdam, meiner NVE at tiltaket vil få ein positiv effekt med tanke på sjøaure og ål. Tiltaket sin verknad for landskap og friluftsliv er også vektlagt.
Etableringa av dam og regulering av Ramsgrøvatnet vil, ifølge NVE, gje noko negativ verknad for landskap- og friluftsinteresser. Samtidig har NVE vurdert at bygging av fisketrapp og opning av ei lenger strekning av elva for anadrom fisk vil vere positivt for fiske og friluftsliv.
Med føresetnad om at avbøtande tiltak vert gjennomført, meiner NVE at verknadane for allmenne interesser kan aksepterast. NVE meiner at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til uttak av vatn frå Selbuelva og regulering av Ramsgrøvatnet.
Les meir om:.